Hentet fra NAV Arbeidsplassen

Daglig leder

Gjeraldstveit Mekaniske AS · 📍 Voss, Vestland

AnnetHeltidKontor og økonomi
🎯 Hvor godt passer denne deg?

Last opp CV-en din (1 minutt), så rangerer vi alle stillinger etter din profil. Last opp CV →

Om stillingen

Kven skal leia dei neste 20?
DAGLEG LEIAR – GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS
54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20?

Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg.

No skal me vidare.

Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny.

Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator.

Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein.

Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar.

Me ser helst at du har bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø. Ingeniørutdanning innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande vil vere svært relevant.

Men vitnemålet åleine interesserer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel.

Du kan vere dagleg leiar i dag. Men du kan òg vere teknisk sjef, produksjonssjef, prosjektleiar eller avdelingsleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir deg.

Hos oss er avstanden mellom avgjerda di og konsekvensen kort.
Du får mandat. Då får du òg konsekvensane.
Det er meir krevjande. Det er heile poenget.

Me tilbyr reell påverknad, korte avgjerdsvegar, tett samarbeid med eigar og gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Les meir først: gjeraldstveit.no/stillinger
Ikkje send CV enno. Er du nysgjerrig, ring Narve Gjeraldstveit på 41 67 80 80.
Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb.
Det held at du byrjar å lure på om du burde.

Fakta

ArbeidsgiverGjeraldstveit Mekaniske AS
StedVoss, Vestland
BransjeKontor og økonomi
AnsettelsesformAnnet
OmfangHeltid

💰 Hva er du verdt? Se lønnsinnsikt

Lignende stillinger

NAV Arbeidsplassen

regnskapsmedarbeider

Alfa Bolig Vest As · Nesttun, Vestland
FastDeltidKontor og økonomi

Vi søker regnskapsmedarbeider -- deltid Vi søker en strukturert og lærevillig regnskapsmedarbeider til deltidsstilling.

💼 Kontor og økonomi20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Vi søker salgskonsulent B2B og B2C

KARRIERESENTERET AS · Laksevåg, Vestland
FastHeltidKontor og økonomi

Vi søker selgere til både privat- og bedriftsmarkedet   Karrieresenteret rekrutterer på vegne av Norges største merkevarer, og vi har nå fle

💼 Kontor og økonomi20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Resepsjonist

FINSEHYTTA DNT AS · Finse, Vestland
SesongHeltidKontor og økonomi

Ledig stilling som resepsjonist på Finsehytta i vintersesong fra 10.

💼 Kontor og økonomi20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Dagleg leiar og personalkonsulent

Østerbø Fjellstove Aurlandsdalen · Aurland, Vestland
AnnetHeltidKontor og økonomi

ØSTERBØ FJELLSTOVE AURLANDSDALEN Søker daglegleiar og personalkonsulent.

💼 Kontor og økonomi20.09.2026