Hentet fra NAV Arbeidsplassen

Stillingar på helg og studentstillingar i Heimetenesta

Surnadal kommune Heimetenesta · 📍 Surnadal, Møre Og Romsdal

AnnetDeltidHelse og omsorg
🎯 Hvor godt passer denne deg?

Last opp CV-en din (1 minutt), så rangerer vi alle stillinger etter din profil. Last opp CV →

Om stillingen

I Heimetenesta har vi ledige helgestillingestillingar/studentstillingar på helg.
Vi søkjer etter engasjerte og ansvarsfulle medarbeidarar som ønskjer verdifull praksis og erfaring innan kommunale helse- og omsorgstenester.
Stillinga er knytt til heimesjukepleie, med arbeid tredje kvar helg, midlertidig stilling. Det kan bli aktuelt med fleire tilsettingar. Det er moglegheit for arbeid med 12,5 timers arbeidsdagar tredje kvar eller fjerde kvar helg. Lengre vakter er under utprøving i heimetenesta.
Heimetenesta gir hjelp og rettleiing gjennom heile døgnet til eldre, sjuke og personar med funksjonsnedsetting i eigen heim, og deira pårørande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa utdanning, erfaring og kompetansenivå, og kan mellom anna vere:
Pleie- og omsorgsoppgåver
Praktisk bistand og støtte i dagleglivets aktivitetar
Observasjon av pasient og rapportering til ansvarleg sjukepleiar
Enkle helsefaglege prosedyrar etter opplæring og delegasjon
Dokumentasjon i journalsystem
Bidra til trygge og gode pasientforløp
Samhandling med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar / ønskt kompetanse
Vi ønskjer søkjarar som er:
Studentar innan: Sjukepleie, vernepleie, paramedisin, fysioterapi, helsefagarbeidar eller anna relevant studieretning  kan være aktuell.
Søkarar utan pågåande utdanningsløp, eller andre med ønskje om å arbeide i heimetenesta kan også bli vurderte og er velkomne til å søkje.
I tillegg:
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Grunnleggande digitale ferdigheiter
Førarkort klasse B
Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før tiltreding.
 Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ønskjer medarbeidarar som:
Er pålitelege og ansvarsbevisste
Har vilje til å lære og utvikle seg
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Hos oss får du
God opplæring og tett oppfølging i starten
Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
Verdifull praksis og relevant arbeidserfaring
Løn etter gjeldande avtaleverk og kommunale vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for vidare engasjement, vikariat eller fast stilling
Oversjukepleiar er næraste overordna.
Vi held samtalar med aktuelle søkarar fortløpande. 
Link til søknadsskjema: Søk her

Fakta

ArbeidsgiverSurnadal kommune Heimetenesta
StedSurnadal, Møre Og Romsdal
BransjeHelse og omsorg
AnsettelsesformAnnet
OmfangDeltid
Søknadsfrist31.12.2026

💰 Hva er du verdt? Se lønnsinnsikt

Lignende stillinger

NAV Arbeidsplassen

Tilkallingsvikarar ved legesenter og legevakt! Sjukepleiarar, helsesekretærar og ambulansearbeidarar 

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune · Sykkylven, Møre Og Romsdal
AnnetHeltidHelse og omsorg

Tilkallingsvikarar ved legesenter og legevakt! Sykkylven kommune søker sjukepleiarar, helsesekretærar og ambulansearbeidarar som kan arbeide

💼 Helse og omsorgFrist 31.12
NAV Arbeidsplassen

Sykepleiere til Kristiansund i sommeren 2027

Dedicare AS · Kristiansund N, Møre Og Romsdal
VikariatHeltidHelse og omsorg

Sykepleieroppdrag i Kristiansund – sommeren 2027 Ønsker du en sommer med nye faglige utfordringer, vakre naturopplevelser og muligheten til

💼 Helse og omsorg20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

26-år gammel mann søker flere BPA-assistenter i 100% stilling

Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal · ålesund, Møre Og Romsdal
FastHeltidHelse og omsorg

BPA-assistent søkes til sosial, aktiv og eventyrlysten 26-åring Er du en trygg, positiv og aktiv person som liker en variert arbeidshverdag?

💼 Helse og omsorg20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta · Surnadal, Møre Og Romsdal
AnnetDeltidHelse og omsorg

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling  ("ringevikarar").

💼 Helse og omsorgFrist 31.12