Hentet fra NAV Arbeidsplassen

Kjøkkenassistent ved Valldal sjukeheim – sentralkjøkkenet i Fjord kommune

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune · 📍 Valldal, Møre Og Romsdal

FastDeltidHotell og restaurant
🎯 Hvor godt passer denne deg?

Last opp CV-en din (1 minutt), så rangerer vi alle stillinger etter din profil. Last opp CV →

Om stillingen

Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for innbyggjarane våre?
Ved sentralkjøkkenet på Valldal sjukeheim har vi ledig stilling som kjøkkenassistent. Sentralkjøkkenet produserer og leverer mat til bebuarar på sjukeheimen, heimebuande brukarar og andre kommunale tenester. Vi søkjer ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere ein del av eit viktig fagmiljø. 
Som kjøkkenassistent ved sentralkjøkkenet vil du vere med på den daglege drifta av kjøkkenet og bidra til produksjon, servering og distribusjon av trygg og næringsrik mat. Du arbeider tett saman med kokkar og andre tilsette i kjøkkenet for å sikre god kvalitet og hyggelege måltidsopplevingar for brukarane våre.
Stillingsprosenten innebærer arbeid to helger i løpet av seks veker.
Arbeidsoppgåver
Hjelpe til med matproduksjon og førebuing av måltid
Porsjonering, pakking og utlevering av mat
Oppvask og reinhald av kjøkken, utstyr og lokale
Mottak og handtering av varer
Delta i arbeidet med å sikre gode rutinar innan hygiene og mattryggleik
Bidra til orden og struktur i den daglege drifta
Andre førefallande oppgåver ved kjøkkenet
Kvalifikasjonar
Erfaring frå kjøkken, institusjonskjøkken eller næringsmiddelproduksjon er ønskjeleg
Kunnskap om hygiene og mattryggleik er ein fordel
God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Grunnleggjande digitale ferdigheiter
Interesse for mat og service
Personar utan formell utdanning, men med relevant erfaring og interesse for arbeidsområdet, vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
Du er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt
Du arbeider strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver
Du trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du er fleksibel og kan handtere varierte arbeidsoppgåver
Du har god arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Ei meiningsfull stilling med viktige arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
God opplæring og rettleiing
Varierte arbeidsdagar
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Velkomen som søkjar til Fjord kommune!
Kontaktinformasjon
Lene Krohn, Kjøkkensjef, 41867980
Cathrine langhaug berli, Einingsleiar, 41867972
Arbeidsstad
Olavsgata 10
6210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5173502149
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026

Fakta

ArbeidsgiverHelse, omsorg og velferd Fjord kommune
StedValldal, Møre Og Romsdal
BransjeHotell og restaurant
AnsettelsesformFast
OmfangDeltid

💰 Hva er du verdt? Se lønnsinnsikt

Lignende stillinger

NAV Arbeidsplassen

Thon Hotel Kristiansund søker servitører

Thon Gruppen · Kristiansund N, Møre Og Romsdal
AnnetDeltidHotell og restaurant

Vi utvider teamet vårt! Vi søker nå flere Servitører til deltidsstilling hos oss. Du vil bli en del av serviceteamet vårt som kvelds servitø

💼 Hotell og restaurant20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

ANNO SØKER Dyktig Pizzaiolo

ANNO · ålesund, Møre Og Romsdal
FastHeltidHotell og restaurant

ANNO SØKER dyktig Pizzaiolo som har erfaring fra vedfyrt pizzaovn.

💼 Hotell og restaurant20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Vil du jobbe i kantine? Vi søker tilkallingsvikarer i Brattvåg/Søvik

Nor Facility As Avd Vard Brattvåg · Haram, Møre Og Romsdal
ProsjektDeltidHotell og restaurant

Vi ser etter deg som ønsker en fleksibel jobb og som trives med å jobbe med mat, service og mennesker.

💼 Hotell og restaurant20.09.2026
NAV Arbeidsplassen

Thai Thai Ålesund søkes servitør

Thai Thai Ålesund AS · ålesund, Møre Og Romsdal
AnnetDeltidHotell og restaurant

Vi søker en hyggelig servitør som er interessert på kveldstid 2-3 dager/uke fra kl16-2030 også på lørdager. Kan starte jobb umiddelbart.

💼 Hotell og restaurant20.09.2026